Hopp til innhold

- Vi prøvar å hjelpe alle så raskt som råd

Vassmengdene skapte så stor pågang på 110-sentralen at den gjekk ned. Brannvesenet har kalt ut alle mannskapar, og forsøker å nå dei som treng hjelp.

store vannmengder i Bergen

VANNKAOS: Nedbørsmengdene har vore ekstreme, og har ført til ekstrem pågang på 110-sentralen i Bergen i dag.

Foto: NRK

Ekstremtvêret i Bergen har ført til ein valdsam pågang på 110-sentralen i Bergen. Kapasiteten er sprengt, og kommunen ber folk ringje sentralbordet på 05556.

– Akuttmeldingar skal framleis til 110-sentralen. Om det ikkje er fare for liv og helse kan ein ringje 05556, seier informasjonsdirektør i kommunen, Eva Hille.

Sentralbordet vil vere bemanna heile helga.

110-sentralen var nede

– Årsaka er at 110-sentralen fekk så mange telefonar at heile systemet gjekk ned rundt klokka fire. Då fekk vi og inn folk på sentralbordet på rådhuset, seier Hille.

Både 110-sentralen og 05556 er no oppe og går. Kommunen har alle ressursar tilgjengeleg ute for å arbeide med vassmengdene. I løpet av dagen har det komt rundt 60 mm nedbør.

– Det har vore verkeleg ille. Det er oversymjing i alle bydelane i Bergen, seier brannmann John Erik Haugland til NRK.

– Vi arbeider med å nå alle

– Det er fleire som har bedt om hjelp frå oss som ikkje har fått det endå. Vi prøvar så godt vi kan å rekke over alle som har bedt om hjelp så raskt som råd, seier vaktkommandør i Bergen brannvesen, Geir Bø, ved 20-tida freag kveld.

Både sivilforsvaret og og ekstramannskap er kalt inn.

– Vi brukar absolutt alle ressursar vi kan, seier Bø.