Hopp til innhold

11.000 på venteliste til vidaregåande

11.000 ungdommar står på venteliste for å få plass på vidaregåande skule. Hordaland, Rogaland og Akershus er fylka kor flest står i skulekø.

videregående

FØLGER ARBEIDSMARKNADEN: Stadig fleire søker seg til helse- og omsorgsfag. 1650 ungdommar ventar no på å få plass på studieprogrammet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

No er det klart kor lange ventelister det er på vidaregåande skular rundt om i landet.

Av i alt 191.930 søkarar har vel ni av ti fått tilbod om plass. Men mange står framleis på venteliste.

Tala er basert på førsteinntaket som alle fylkeskommunane gjennomførte innan 15. juli.

– Det er nok slik at dei største fylka har større ventelister enn dei mindre etter første opptak, fordi dei mindre fylka har færre skular og elevar, seier inntaksleiar i Hordaland fylkeskommune, Nils Skavhellen.

Det er mogleg at ungdommen plukkar opp svingingar i arbeidsmarknaden og at ønska vert påverka av dette

Kjetil Gunnerud Kristoffersen

Ein annan grunn er at det i større byar er nokon som vel å ikkje gå på offentlege skular.

– Ein del søkarar har også søkt plass på private vidaregåande skular. Dei takkar gjerne ja til dei plassane, og vil ikkje stå på våre ventelister på neste opptak. Dette vil då frigjera plassar til andre.

Nils Skavhellen

Inntaksleiar i Hordaland fylkeskommune, Nils Skavhellen.

Foto: Privat

– Alle får plass

– Ingen med rett til vidaregåande opplæring skal stå utan tilbod ved skulestart. Men om dei får eit tilbod som dei ønskjer, er ikkje sikkert, seier rådgjevar i utdanningsdirektoratet Kjetil Gunnerud Kristoffersen.

Nils Skavhellen seier det er nok skuleplassar.

– Om ein berre ser på tala så er det ganske mange ledige plassar i Hordaland. Men det samsvarar ikkje med det ungdommane søker seg til.

Venteliste på ulike fag

Program

Søkere

Venteliste

Bygg/anleggsteknikk

7763

711

Design/håndverksfag

3945

275

Elektrofag

12.769

1152

Helse- og oppvekstfag

18.343

1650

Idrettsfag

12.833

223

Musikk/dans/drama

6465

96

Medier/kommunikasjon

7633

300

Naturbruk

3434

160

Restaurant/matfag

3833

273

Service/samferdsel

8078

918

Studiespesialisering

81.614

1653

Teknikk/industriell produksjon

12.757

1406

Påbygging

12.424

2096

Alternativ opplæring

39

0

I alt

191.930

10.913

Ekspander/minimer faktaboks

Følger trenden i høgare utdanning

Også ved dei vidaregåande skulane er det oppgang i helsefag og nedgang i oljerelaterte studieretningar, som teknikk og industriell produksjon og medium og kommunikasjon.

– Det er fleire som søker seg til helse- og omsorg og idrettsfag, og færre til industrifag. Det er mogleg at ungdommen plukkar opp svingingar i arbeidsmarknaden og at ønska vert påverka av dette, seier Gunnerud Kristoffersen.

Det er mange som står på venteliste for å begynna på helse- og omsorgsfaget. 1 650 ventar no på plass. Det er 200 fleire enn i fjor.

Fylkesvis oversikt

Fylke

Søkere

Venteliste

Østfold

11407

187

Akershus

23227

1712

Oslo

16990

446

Hedmark

7732

310

Oppland

7144

263

Buskerud

9565

781

Vestfold

9350

477

Telemark

6811

47

Aust-Agder

4714

295

Vest-Agder

7111

101

Rogaland

18228

1700

Hordaland

18495

1556

Sogn og Fjordane

4287

300

Møre og Romsdal

10491

797

Sør-Trøndelag

11019

486

Nord-Trøndelag

5773

273

Nordland

10043

660

Troms

6218

248

Finnmark

3325

274

Ekspander/minimer faktaboks