Jente (11) var sakna i Bergen – funnen i god behald

Kom ikkje heim frå skulen. Funnen etter stor leiteaksjon.

Politiaksjon i Åsane etter at jente (11) vart meld sakna

LEITEAKSJON: Politiet sette i gong ein større leiteaksjon etter den 11 år gamle jenta

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Politiet bekreftar til NRK at den sakna 11-åringen er funnen i god behald. Ho blir no tatt hand om av familien.

Den 11 år gamle jenta vart meld sakna tysdag morgon etter at ho ikkje kom heim frå skulen. Ho skal ha følte seg dårleg, men ein time etter at ho var forlatt skulen var ho ikkje komen heim.

Politiet søkte med hundepatrulje i området mellom heimen og skulen, og kring klokka 12.30 var jenta funnen.