Hopp til innhold

105 mill kr til Sotrasambandet

Regjeringen har sett av 105 nye millionar kroner i statlege midlar i 2017 til førebuande arbeid på Sotrasambandet riksveg 555. Dermed kan spaden settast i jorda neste år.

Nye Sotrabrua

NY BRU MOT KØ: Nytt Sotrasamband med ei ekstra og større bru skal knytta vekstkommunane i vest betre til Bergen.

Foto: Statens vegvesen / Illustrasjon

– 2017 blir ein milepæl for Sotrasambandet. Med satsinga frå Regjeringa kan arbeidet no starta, seier stortingspolitikar Helge André Njåstad (FrP).

Han presenterte løyvinga på Fjell rådhus torsdag føremiddag.

Helge André Njåstad

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (FrP).

Foto: O. Berland Øystese / NRK

Riksveg 555 Sotrasambandet i Bergen og Fjell kommunar skal gjennomførast som eit OPS-prosjekt (Offentlig-privat samarbeid), og inneber fire-feltsveg og ny Sotrabru, der det i dag er rushproblem.

Jubel på begge sider

Samla sett er det nå løyvd 200 millionar kroner til nytt vegsamband mellom Fjell og Bergen, fordi det i fjor vart løyvd omlag 100 millionar kroner som førebels står ubrukt.

Med dei friske pengane som regjeringa føreslår for neste år, er det klart for å starta det førebuande arbeidet. Dei første er å flytta høgspentlinja som går der den nye brua skal byggast, og dei omfattande grunnerverva.

Anna Elisa Tryti

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me jublar i begge kommunane i dag, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti i Bergen.

Ho peikar på at sambandet er viktig også av beredskapsomsyn.

– Nå når planane på plass frå begge kommunane, og naudsynte oppstartmidlar er på plass frå staten, er det berre å setja i gong.

Ferdig bygd om seks år

Av dei 200 millionar kronene skal omlag 60 millionar kroner gå til flytting av høgspentlina, 120 millionar til grunnerverv, 20 millionar til arkeologiske undersøkingar, og 5 millionar til å utarbeida konkurransegrunnlaget.

Det nye Sotrasambandet er planlagt å stå ferdig i 2021-22, og skal skal kosta 8,9 milliarder kroner,