NRK Meny
Normal

1000 fleire bilar i veka i morgonrushet – måndag innfører kommunen hastetiltak

Måndag morgon møter bilistane på Sotra stengde vegar. Fjell set inn strakstiltak for å kutta bilkøane og sleppa bussen lettare fram.

Sotrabrua kø

KØ: Eit vanleg syn over Sotrabrua.

Foto: Christian Lura / NRK

– Førre måndag brukte eg ein time på dei ti kilometrane frå Kolltveit til Straume, tysdag tok det 45 minutt, seier Herman Fjell Sangolt.

Herman Fjell Sangolt pendlar frå Angeltveit og til Straume kvar dag.

KØ: Herman Fjell Sangolt er ein av mange som brukar mykje tid i kø på Sotra kvar morgon.

Foto: Trude Brun Wilhelmsen / Eidegruppen

Han køyrer frå heimen på Angeltveit og til Straume på jobb kvar dag. Det betyr ofte å sitja i kø, men sjeldan så lange køar som det har vore dei siste månadene.

– Til tider så står me heilt stille i 15-20 minutt, før det sig litt framover. Det er tungt, seier han.

Ein stikkprøve Statens vegvesen har teke for NRK viser ein auke på 1000 bilar i veka i morgonrushet på Sotra.

Tala samanliknar trafikken kvardagane i veke 12 i 2017 og 2018. I timen mellom klokka sju og åtte passerte 29 prosent fleire bilar austover gjennom Kolltveittunnelen.

Stengjer vegar

Kapasiteten på ei av hovudinnfartsårene til Bergen er sprengd for mange år sidan, og den nye Sotrabrua er vil tidlegast vera ferdig om sju år. No er situasjonen så alvorleg at kommunen set i verk hastetiltak.

Måndag 16. april stengjer dei mellom anna tre av sidevegane som leier trafikken inn på riksveg 555. Målet er betre trafikkflyt.

– Det kan hjelpa, seier Aud Tennøy ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Aud Tennøy

TRUR TILTAKA KAN FUNGERA: Aud Tennøy er forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt.

Foto: Svein Erik Dahl / Samfoto

Forskingsleiaren seier det er fleire årsaker til at det vert køar. Den viktigaste er sjølvsagt fleire bilar på vegen enn han er dimensjonert for. Vidare at det tettar seg til inn mot sentrum, at desse køane forplantar seg utover, eller at det er mange kryss og påkøyrslar langs vegen.

Det er det siste Fjell kommune no vil gjera noko med.

– Kvar bil som skal køyra inn på ein hovudveg vil forseinka alle som kjem bak. Alle bremsar ned, og det forplantar seg som ei bølgje bakover. Har du mange slike kryss, vil det bidra til køane, seier Tennøy.

Fungerte på Broadway

Fleire stader har ein forsøkt å stengja vegar og kryss for å letta trafikkflyten. Rundt Broadway i New York har dette vore ein suksess.

Der vart delar av den kjende gata stengd. Stenginga førte til at trafikken i tverrgatene flaut vesentleg betre, fortel Tennøy.

Neste veke vil innbyggjarane merka om tiltaka har nokon effekt på Sotra.

– Tiltaka skal redusera talet på bilar på vegane, og gjera at bussen kjem lettare fram. Det vil kanskje bli kø framleis, men det viktige er at vi får ein jamn flyt, og at det ikkje blir mange påkøyringar på vegen, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).

Den endelege fasiten får Fjell kommune til hausten, når Statens vegvesen skal telja trafikken på nytt.

Kart med oversikt over tiltak

Tiltak: Dette er tiltaka som vert sette i verk frå 16. april for å betra trafikkflyten på riksveg 555 på Sotra.

Foto: www.fjell.kommune.no

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik