NRK Meny
Normal

100 riggar må sjekkast etter dødsulukka i Nordsjøen

Det vert innført nye krav og retningslinjer etter dødsulukka på COSL Innovator. Kring 100 riggar verda over må no sjekka om dei toler dei verste stormane.

COSL Innovator

TREFT AV KJEMPEBØLGE: Ein mann omkom då COSL Innovator vart treft av ei stor bølge på Trollfeltet i Nordsjøen.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Ein person mista livet då ei enorm bølge trefte boreriggen COSL Innovator på vesle nyttårsaftan i fjor. Sidan då har bransjen jobba for å betre tryggleiken på liknande flyteriggar.

No er DNV-GL, som godkjenner og klassifiserer riggar over heile verda, ferdig med sine utrekningar.

Nye retningslinjer gjer at kring 100 flyteriggar, av liknande type som COSL Innovator, må gjennomgåast på nytt.

oljeriggen COSL Innovator

Bølga knuste fleire vindauge på COSL Innovator, og nye retningslinjer for flyteriggar vert no innført.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Sjekkar klaringa mellom bølge og dekk

Dei må sjekke og rekne ut klaringa mellom bølgetoppar og undersida av dekket sitt under ulike stormar.

Denne klaringa vert på fagspråket kalla «air gap».

Dei riggane som får eit negativt air-gap på dei nye retningslinjene frå DNV-GL, altså at dei er for lave, må gjera endringar.

Ukjent kor mange som må forsterka

Til NRK seier DNV-GL at det er eiy avgrensa tal av dei kring 100 riggane som blir nøydde til å forsterke.

– Før utrekningane av dei enkelte riggane er utført, kan eg ikkje seie kor mange riggar som har negativt og kor mange som har positivt «air gap», seier direktør Ernst Meyer i DNV-GL.

Bølga som trefte COSL Innovator i fjor knuste fleire vindauge på riggen. 53-åringen som mista livet i ulukka oppheld seg på lugaren då bølga trefte.

Cosl har gjennomført omfattande bølgetestar i Trondheim, utan at dei klarte å gjenskapa dødsbølga.

COSL og Marintek har gjennomført bølgetestar i Trondheim etter dødsulukka

COSL gjennomførte bølgetestar i Trondheim, i samarbeid med Marintek. Ein modell av ein flyterigg vart utsett for 260 forskjellige stormscenario.

Foto: Siw Hermanstad / Marintek

Må fjerne vindauge før vinteren

Sjølv om bølga var sjeldan, er målet med dei nye retningslinjene å hindre at noko liknande skjer igjen. I første omgang vil nokre riggar rett og slett måtte sveise att vindauga sine før vinteren.

– Det aller viktigaste er at vindauge i eksponerte området på riggane vert sveisa att så fort som mogleg. Då fjernar vi hovudrisikoen for tilsvarande ulukker. Dersom utrekningane viser at andre strukturelle endringar også er naudsynt, vil vi krevje det, men med ei lengre tidsfrist, seier Meyer.

Men dei riggane som ikkje får godkjent klaringa, kan likevel sleppe å gjennomføre tiltak.

– Det føreset at dei kan dokumentera ei positiv klaring for dei største bølgene som kan oppstå i det området dei opererer, eller at dei rett og slett ikkje har vindauge som kan bli utsett for slike bølger.

Har allereie forbetra riggane

NRK veit at fleire riggselskap har gjort forbetringar på riggane sine. Mellom anna har Cosl sveisa igjen vindauge på søsterriggane til COSL Innovator.

DNV-GL presiserer at sertifiseringar dei gir baserer seg på Nord-Atlantiske bølgedata.

Dei fleste riggar opererer i området med mildare stormar, til dømes Nordsjøen. Dei kan vente med tiltak til dei skal gjera operasjonar i til dømes Norskehavet eller Barentshavet.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.
Programleder: Mariann Reikerås