NRK Meny
Normal

100 millionar kroner i tap for fiskenæringa

Aldri før har den alvorlege fiskesjukdommen pankreas sjukdom vore påvist i så mange oppdrettsanlegg som no. – Situasjonen er alvorleg, seier professor i fiskehelse.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

97 ANLEGG SMITTA: Aldri før har den alvorlege fiskesjukdommen pankreas sjukdom vore påvist i så mange oppdrettsanlegg som no. 97 anlegg i landet er smitta. – Det er det høgaste talet på sjuke fisk me har hatt, seier Atle Lillehaug ansvarleg for fiskehelse ved Veterinærinstituttet.

Foto: Villa

– Den store utbreiinga av pankreas-sjukdom (PD) som me no har langs Norskekysten overgår alt me har hatt tidlegare. Situasjonen er alvorleg, seier professor Are Nylund ved Universitetet i Bergen.

LES OGSÅ: Laksevirus ute av kontroll

Professor Are Nylund

NÆRINGA TAPAR MILLIONAR:– Me nærmar oss nok 100 millionar og kanskje meir enn det og, seier professor Are Nylund ved Universitetet i Bergen.

Foto: Universitetet i Bergen

Aldri før har den alvorlege fiskesjukdommen pankreas sjukdom vore påvist i så mange oppdrettsanlegg som no. Sjukdomen gjer at fisken sluttar å ete, og seinare døyr etter to–tre veker.

Veterinærinstituttet som skal halda sjukdommen under kontroll, vedgår at talet på infiserte anlegg aldri har vore høgare.

– Det er det høgaste talet på sjuke fisk me har hatt, seier Atle Lillehaug ansvarleg for fiskehelse ved Veterinærinstituttet.

97 anlegg i landet er smitta

44 anlegg i Hordaland var smitta ved utangen av juli, og 97 anlegg i heile landet.
Det er omtrent dobbelt så mange smitta anlegg som i fjor, då det var eit nokså normalt år.

Det alvorlegaste er likevel den store spreiinga nordover langs kysten, meiner professor i fiskehelse Arne Nylund.

Den enorme utbreiinga, gjer at målet om å utrydda viruset truleg er umuleg.

– Ein må lære seg å leve med at denne sjukdomen finst.

Han meiner ein no må setje inn tiltak i område der sjukdomen er mindre utbreidd for å hindre vidare spreiing.

LES OGSÅ: Mattilsynet slår smittealarm

LES OGSÅ: Til kamp mot laksevirus

(Artikkelen held fram under biletet)

Oppdrettsanlegg, oppdrett av laks.

PANKREAS SJUKDOM: 44 anlegg i Hordaland var smitta ved utangen av juli, og 97 anlegg i heile landet. Det er omtrent dobbelt så mange smitta anlegg som i fjor, då det var eit nokså normalt år.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Næringa tapar enorme summar

I følgje Lillehaug må det varme vêret i år ta mykje av skulda for den store utbreiinga av sjukdomen.

– Me trur temperaturen har hatt mykje å seie for at me har hatt så mange tilfelle i år, seier Lillehaug

Sjukdomen er svært alvorleg, ikkje berre på grunn av dødelegheit og tap av fisk. Det går også utover kvaliteten på fileten.

Laksenæringa kjem no til å tapa enorme summar på sjukdommen, seier Are Nylund.

– Me nærmar oss nok 100 millionar og kanskje meir enn det og.

LES OGSÅ: Superfisk skal stoppe fryktet virus

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.