Hopp til innhold

100 år gamle gruver ligg midt i ny E16-trasé

Ekstra hovudbry langt under bakken for milliardutbygginga av ny veg mellom Bergen og Voss.

Kalkgruvene på Risnes i Hordaland

LABYRINT: Kalkgruvene på Risnes består av fleire opp mot 200 meter lange tunnelar. Gjennom det same fjellet skal tunnelane for ny E16 og nye Vossebanen gå.

Foto: Privat

Vegvesenet og Bane Nor er kome eit godt stykke på veg med planlegginga av ny E16 mellom Bergen og Voss.

Vegen, som nyleg vart kåra til «Noregs verste veg», skal bli ny med lange og parallelle tunnelar for både veg og togbane.

No har det dukka opp ei ny utfordring for dei som skal planlegga sprenginga av enorme mengder fjell: Ei 100 år gamal kalkgruve i fjellet bak Trengereid i Bergen.

Loddrette gruvesjakter og eit intrikat nett av tunnelar gjer at Vegvesenet har fått noko å tygge på.

– Delar av gruvesystemet kan vera i konflikt med dei traseane vi har planlagd for E16 og nye Vossebanen, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm i Statens vegvesen.

E16/Vossebanen

Må ha kontroll før sprenging

Det er lenge sidan det var drift i gruvene i fjellet bak Trengereid i Bergen. Det var utvinning der frå 1920 fram til 1986.

Tilbake ligg opp til 200 meter lange tunnelar og store hol i fjellet.

No må Vegvesenet og Bane Nor få nøyaktig oversikt over dei gamle gruvene. Dette for å hindre at noko uventa og alvorleg skjer når dei nye tunnelane skal sprengast ut.

Det er heller ikkje lett.

Alt som finst av kart er teikna for hand og gir ikkje godt nok overblikk over dei mange hòlene som finst i fjellet.

Difor er det naudsynt med detaljerte geologiske undersøkingar. Det betyr at geologar må inn i området og inn i gruvene for å måle opp dei gangane og sjaktene som kan vera i vegen for traseane.

Gruvekart over Risnes kalkgruver

IKKJE GODT NOK: Karta som Vegvesenet har fått av dei gamle kalkgruvene er handteikna og gir ikkje gode nok svar på korleis gruvene ligg inne i fjellet.

Foto: Direktoratet for mineralforvaltning

Trur tunnelane går under gruvene

Det er for tidleg å seie om desse undersøkingane vil føre til auka kostnader for ny E16.

Prislappen på første byggetrinn mellom Arna i Bergen og Stanghelle i Vaksdal ligg allereie på 21 milliardar kroner.

I verste fall kan planleggarane bli tvinga til å flytta på traseane. Vegvesenet forsikrar om at det ikkje er snakk om dei store avstandane.

– Vi kan ikkje endra for mykje fordi vi skal ut i eit vegkryss på Trengereid. På eit eller anna vis må vi gjennom gruveområdet, men vi trur at vi ligg eit godt stykke under gruvene med tunnelane våre. Det er dei loddrette sjaktene vi må vite meir om, seier senioringeniør Olav Lofthus i Vegvesenet.

Han er tydeleg på at dei skal klare å knekke den geologiske nøtta. Det viktigaste er tryggleiken for dei som skal undersøke gruvene og at det ikkje går gale under sprenginga.

– Det er kjedeleg om det går ei salve og vi treff på eit digert hol. Det handlar å vita om kva som er der og så skal me finna løysingane på det, forsikrar Lofthus.

Senioringeniør Olav Lofthus i Statens vegvesen med E16 og nye Vossebanen-teikningar

PLANLEGGAR: Senioringeniør Olav Lofthus i Statens vegvesen ser på teikningane som syner korleis dei nye traseane skal sno seg under gruvene i Trengereid.

Foto: Jon Bolstad / NRK