På Alvøen skole skulle nybygget stå ferdig i sommar – ingenting har skjedd.
– Det har vore låst i sju år fordi elevar og tilsette vart sjuke av å vere her, seier Rektor Andre van der Heide medan han viser austfløya på Alvøen skole. Ein av dei største barneskulane i Bergen.
- Sjå NRK si oversikt lenger nede i saka
Ein gjennomgang NRK har gjort viser 10 av dei 12 første skulebygga er utsett eller forseinka samanlikna med byrådet sine opphavlege ambisjonar. Arbeidet vart sett i gang etter at arbeidstilsynet slo alarm i 2011.
I utgangspunktet skulle altså eit nytt bygg stå ferdig på Alvøen skole til sommaren, men slik vert det ikkje.
– Etter dei siste planane skal det vere ferdig til skulestart i 2017, seier van der Heide som fortel at foreldra vert stadig meir irriterte.
Opptil to år forseinka
NRK har gått igjennom dei tolv første skulane som skulle rehabiliterast eller byggast opp igjen etter at arbeidstilsynet slo alarm om skuleforfallet i Bergen i 2011.
Alle utan om to av dei er forseinka eller utsett samanlikna med byrådet sin opphavlege sluttdato. Varden, Landås, Nattland og nybygget på Alvøen er dømer på skular som kjem minst to år seinare enn planen var.
– Vi forstår at datoane vart framlagt veldig bombastisk, men det var kanskje fordi vi ville vise at vi har ambisjonar, seier finansbyråd i Bergen Liv Røssland frå Framstegspartiet.
Ho vedgår at det ikkje ser bra ut at datoane bystyret har godkjend nærmast systematisk har vorte flytta mellom eit halvt og to år. Men byråden med ansvaret for skulebygga meiner dei fleste utsetjingane er til det beste for framtidige elevar.
– Grunnen er at vi endrar prosjekt etter kloke avgjerd, men det gjer at vi forskyver oppstartspunktet for prosjektet, seier Røssland.
– Dårleg styring
Leiar i oppvekstkomiteen Pål Hafstad Thorsen frå Arbeidarpartiet synest dette er teikn på dårleg prosjektstyring.
– Når vi allereie så tidleg i arbeidet med å innhente skuleforfallet ser at det er forseinking, så gjer det at andre skular kan endå opp med å stå lenger i kø for å vente på at dei skal få tiltak, seier Thoresen.
På Alvøen skule har allereie det første kullet vore igjennom eit sjuårig skuleløp etter at austfløya vart stengt.
Dei tolv første skulane er berre dei første i rekkja i det gedigne oppryddingsarbeidet i Bergen. Til saman meiner ekspertane at det vil kosta mellom tre og fire milliardar å komma forfallet til livs.