Hopp til innhold

Mindre arbeid på Kværner Stord

Kværner har auka omsetninga i år, men denne veka melder konsernet at inntektene er venta å falle med over tre milliardar kroner i 2020. På verftet på Stord har dei no 3000 personar i arbeid til ei kvar tid. Det er fleire enn på lenge, men andre halvdel neste år ser mørkare ut. Kværner meiner fallet neste år blir kortvarig, og konsernet har eit mål om å nå ei årleg omsetning på over 10 milliardar kroner innan 2023.