Hopp til innhold

Røykutvikling i hus i Kvinnherad

Brannvesenet fekk klokka 23.12 melding frå ei adresse ved Haløsnøy kloster om at det var kraftig røykutvikling i kjellaren. To personar kom seg ut av huset. – Det er uvisst kva dette kjem av. Brannvesenet melder klokka 23.26 at dei gjer klar for røykdykking. Det er ikkje meldt om flammar, seier Morten Frantzen ved 110-sentralen.