Hopp til innhold

Tende ulovleg bål på nytt

På Osterøy har brannvesenet i kveld sløkt eit bål – for andre gong. – Brannbefalet på Osterøy fekk telefon om at eit bål me hadde sløkt tidlegare i kveld var tent på igjen. Me synes ikkje det er så lurt, utan at eg kjenner til kven dette er eller kvifor dei gjer det, seier Morten Frantzen ved 110-sentralen i Hordaland.