Nærmar seg ei løysing på Askøy
Dei seks partia som forhandlar om makta på Askøy har no eit utkast til avtale klar. Forhandlingsleiar Yngve Fosse (H) seier til NRK at dei har eit forslag til korleis posisjonar skal fordelast. Der får Høgre ordføraren og Frp varaordføraren. Partigruppene må kome med tilbakemeldingar innan fredag klokka 18.