Hopp til innhold

Held fram med samtalene

KrFs Håkon Pettersen seier dei framleis ynskjer seg eit byråd basert på dagens byråd, og vil ta opp att samtalene med Arbeidarpartiet over helga. At Senterpartiet no vil snakke med Høgre, endrar ikkje det, seier Pettersen. Han vil ikkje svare på om KrF kan sitte i eit eventuelt Høgre-byråd saman med Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB). – Men FNB har sagt ting som gjer at eit slikt samarbeid ville vore veldig, veldig vanskeleg.

Finansbyråd Håkon Pettersen i Bergen bystyre april 2019
Foto: Simon S. Brandseth / NRK