Hopp til innhold

Vestland: Truleg avtale torsdag

Den store valvinnaren Sp har sidan valnatta forhandla med Ap, KrF, SV, Venstre og MDG om ein plattform som sikrar partia 38 av dei 65 mandata i fylkestinget i Vestland. Forhandlinga går enno føre seg, og er konstruktive, får NRK opplyst onsdag kveld. Det er tru på semje, men truleg vil partane forhandla vidare torsdag. – Ingenting er klart før alt eventuelt blir klart. Alle partia må kjenna på gjennomslag og det er eit ønske at dei partia som er gått saman finn igjen politiske sigrar i dokumentet, seier Tor André Ljosland, medlem i KrF sitt forhandlingutval, til NRK onsdag kveld.

Tor Andre Ljosland (KrF) langar ut mot gubbevelde i fylkeskommunen.
Foto: Sølve Rydland / NRK