Hopp til innhold

Full mann forstyrra legevakta

Politiet fekk melding i natt frå legevakta om ein mann i 50-åra som var verbalt truande og forstyrra pasientar og tilsette. Han var overstadig full og blei vurdert til å ikkje kunne ta vare på seg sjølv. Politiet tok han derfor med og sat han i fyllearrest, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.