Hopp til innhold

Forsvaret nektar å ta fiskerekning

Forsvaret nektar å betala for fiskerekning etter fregattforliset, skriv Sysla. Blom Fiskeoppdrett i Øygarden hadde ca. 220.000 regnbogeaurar i eit anlegg sør for havaristaden. Desse valde dei å flytta i frykt for forureining frå havaristen. Rekninga for flyttinga sende dei til Forsvaret, men Forsvaret er ikkje samd i at dette er utgifter dei må dekka.