Hopp til innhold

Gav inga god forklaring på bålbrann

Politiet har ikkje fått noko god forklaring på kvifor to menn brente eit bål i undergangen ved Strax-huset i Bergen i natt. – Dei brente plast så det blei mykje røyk, men det var ingen skader og ikkje fare for spreiing, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i politiet.