Hopp til innhold

Krogsæter tok dei gjevaste prisane

Althornisten Florian Rademacher Krogsæter (10) frå Møre og Romsdal tok dei tre gjevaste prisane i den nasjonale superfinalen i Ungdommens musikkmeisterskap i dag. Han vart Årets musikar, Årets talent og fekk Publikumsprisen. Bergensarane Vidar Flekke Bergesen og Fredrik Ertvaag var blant dei fem superfinalistane.

Florian Rademacher Krogsæter
Foto: Egil Hofsli / Norsk kulturskoleråd