Krafteigarar sa rungande ja
764 stemte ja og 84 stemte i kveld nei til å omdanna samvirkeselskapet Fjelberg Kraftlag i Kvinnherad til aksjeselskap. Eit fullsatt samfunnshus på Halsnøy la dermed vegen open for den planlagde fusjonen med Haugaland Kraft, dersom styresmaktene ikkje stansar det. Dei 1150 straumkundane som er medlem er blitt førespegla å dela verdien på 310 millionar kroner seg imellom.