Hopp til innhold

Sto bak overgrep frå fengselet

Ein student gjorde seg skuldig i seksuelle overgrep over internett medan han sona ein fengselsdom på nesten fire år for overgrep. 25-åringen var fyrste gong pågripen i 2015, då han vart meld av for seksuell omgang med ei jente på 14 år. Dette var starten på politioperasjonen «Dark room». BT skriv at mannen, medan han sat i fengsel eller var i permisjon, held fram med å forgripa seg på mindreårige over nettet. No har han fått ei tilleggsstraff på 24 dagar.