Hopp til innhold

Trafikkuhell på Stord

Ein bil køyrde seint i går kveld utanfor vegen og sklei opp på autovernet på Hybelsneset på Stord. Det var skader på autovernet og mykje oljesøl, ifølgje politiet. Den 18 år gamle sjåføren kom frå det utan skader. Politiet har oppretta sak.