Hopp til innhold

Leiteaksjon i Os

Store mannskap leitar etter ein mann i 50-åra, som ikkje er komen heim frå ein tur i Borgafjellsområdet. Politiet ber folk som kan ha sett mannen ringa telefon 4779 7238. Han er 185 cm høg, og har normal kroppsbygning. Han har blå augo og lyst hår. Mannen har på seg ei svart treningsbukse med grøn stripe, svart t-skjorte og ein tynn, svart treningsoverdel med grøn stripe. Han skal også ha hatt med seg ein sekk eller ei rumpeveske. Luftambulansen, brannvesenet, politiet, Røde Kors og Norske redningshundar er med i søket.