Hopp til innhold

Tjuveri frå hus på Kleppestø

Politiet etterforskar tjuveri frå ein bustad på Kleppestø. Tjuveriet har skjedd medan familien i huset låg og sov. Det skal vere datamaskiner og liknande utstyr som er tatt. Politiet er på staden med to patruljar for å undersøke.