Erkjenner straffskyld for neddoping
Sjukepleiaren som er sikta for å ha dopa ned fire eldre pasientar ved ein sjukeheim i Bergen, erkjenner straffskyld. – Eg vil ikkje fortelje kva ho har forklart politiet, men ho gjorde ikkje dette for å skade nokon, seier forsvarar Gisle Didriksen.