Hopp til innhold

Hamna i arrest etter trugslar

Ein mann i 20-åra hamna i arresten etter at han kom med trugslar og oppførte seg ufint mot ein politipatrulje. – Mannen laga bråk i Bergen sentrum rundt klokka 03.00 i natt, og då politiet kom forsøkte han å springe frå dei, fortel operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.