Hopp til innhold

Køyrde på raudt i sperra tunnel

Politiet fortel at dei har fått meldingar om bilistar som trossa Vegvesenet sine sperringar då Fossenbrattetunnelen var stengd i ettermiddag. – Slikt synest vi ikkje noko om. Tunnelen var stengd fordi det raste stein frå taket. Dersom det er raudt lys skal ikkje folk køyre der, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen.

Fossenbrattetunnelen
Foto: Erling Johnsen / NRK