Hopp til innhold

Væpna politiaksjon på Nesttun

Fleire politipatruljer rykka i 19-tida tirsdag ut til ein gangveg i Apeltun-området. Ein forbipasserande hadde observert menn som heldt på å gøyma eit våpen. Tre menn i 20-, 30- og 40-årsalderen vart arrestert. – Våpenet var ein replika eller eit luftgevær, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt. Dei tre skal avhøyrast i dag. Politiet heldt tilbake informasjon om aksjonen medan den pågjekk.