Hopp til innhold

Ingen alvorlege personskadar

Det har vore ei rekke trafikkuhell i ettermiddagsrushet onsdag, men ifølge politiet er ingen personar blitt alvorleg skadd. – Ein 12-åring har smerter i brystet, truleg etter sikkerheitsbelte, etter ulukka i Strusshamn. Men vi har ikkje registrert at ambulansane har teke med seg nokon personar etter trafikkuhella, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.