Hopp til innhold

Luftkvalitet: Rådal raudt varsel

Det er framleis svært mykje svevestøv i lufta i Rådal i Bergen. Mengda av grovkorna svevestøv var klokka 18 framleis så høg, at varslingsstaden Luftkvalitet.no viste raudt. Det betyr at det er betydeleg helserisiko å bevega seg utandørs om ein har astma eller andre luftvegsplager, eller alvorleg hjartesjukdom. Det er varsla raudt nivå for området også for morgon tidleg.