Hopp til innhold

Leita etter innbrotstjuv i Bergen

Politiet har natt til torsdag leita etter ein person som skal ha forsøkt å bryte seg inn i eit forretningsbygg i Ulriksdal i Bergen seint onsdag kveld. – Alarmen gjekk og det vart sett ein person som sprang frå staden. Vi har førebels ikkje funne vedkommande, og opprettar no sak. Basert på mellom anna overvakingsbilete skal vi gjere vidare undersøkingar, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.