Hopp til innhold

Børsfall for Mohn-selskap

Aksjekursen til kreftmedisin-selskapet BerGenBio, der Trond Mohn er største eigar, har stupt over seks prosent i føremiddag. Det betyr at verdien på andelane som Mohn eig i selskapet har gått ned frå 710 til 660 millionar kronar så langt i dag. Samstundes er selskapet eitt av dei som har stige mest i verdi på Oslo Børs i år. Så langt i 2018 har verdien av ein BerGenBio-aksje stige med 116 prosent.

Trond Mohn
Foto: Morten Andersen