Hopp til innhold

Ektemann tiltalt for drap: – Putta gift i maten til kona

Statsadvokaten meiner mann (48) forsøkte å forgifte kona si utan å lukkast. Fire dagar seinare skal han ha kvelt henne til døde om natta.

Drap Åsane Bergen 2017

DØDSFALL: To månader etter at ei kvinne (42) vart funnen død heime i Åsane, arresterte politiet ektemannen (48) og sikta han for drap.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Kvinna (42) vart funnen død i senga i heimen til ekteparet i Åsane i Bergen i april 2017.

Dødsfallet vart først rekna som eit «som normalt ikkje omtalast av media», men to månadar seinare gjekk politiet til pågriping av kvinna sin ektemann (48).

Sidan juni 2017 har mannen vore drapssikta og varetektsfengsla. Politiet sende si innstilling til Statsadvokaten tidleg i januar i år.

Forsøkte å forgifte kona

Politiet meiner mannen planla drapet på kona og at motivet kan ha vore at den 42 år gamle kvinna ønskte skilsmisse.

No har statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen tatt ut tiltale for både drapsforsøk og drap på kona.

Statsadvokaten meiner mannen har kvelt kvinna til døde i heimen deira natt til tysdag 25. april 2017.

Mannen er også tiltalt for drapsforsøk på kona nokre dagar før, 21. april 2017.

Då meiner Statsadvokaten at ektemannen tilsette den dødelege gifta Bariumaceta i maten hennar, eller medikamenta Cipralex eller Escitalopam.

Målet skal ha vore å drepe henne medan ho sov tungt.

«Forsøket lyktes ikke da hun kjente bitter smak av maten og kastet denne», skriv Statsadvokaten i tiltalen.

Tiltalen er tatt ut etter ordre frå Riksadvokaten.

48-åringen har heile tida nekta for å ha drepe kona. Han har forklart til politiet at han også åt av den same maten 21. april, men at han kasta den straks.

Mistenkeleg

Politiet meiner det var fleire mistenkelege forhold ved dødsfallet som til slutt gjorde at dei arresterte mannen i fjor sommar.

På kvinna sin mobil har politiet funne notat der ho skriv at ekteskapet var over. NRK er kjent med at politiet også har funne eit notat der ho 21. april skriv at ho følte noko var blanda i maten den dagen.

Eit par veker før dødsfallet var ektemannen i kontakt med forsikringsselskap for å auke livsforsikringa til kona.

Det vart funne spor av sovetablettar i avdøde sitt blod, og ektemannen henta desse tablettane på apoteket dagen før dødsfallet.

Saka mot mannen skal gå i Bergen tingrett og varer i fire veker. Startdato er enno ikkje fastsett.

– Dramatisk situasjon

Forsvarar Erik Johan Mjelde seier klienten hans framleis nektar straffskuld.

– Det er helt uverkeleg for han å stå tiltalt for å ha drepe si eiga kone. Obduksjonsrapporten gir ikkje eit klart svar på årsaka til dødsfallet, og difor er tiltalen uforståeleg for han.

– Han har det tungt. Mistanken som er retta mot og det å vere fråskilt frå sonen gjer det vanskeleg, Mjelde.

Erik Johan Mjelde

FORSVARAR: Erik Johan Mjelde forsvarar den drapstiltalte 48-åringen. Han seier tiltalte har det tungt, og framleis nektar straffskuld.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Einar Drægebø er bistandsadvokat for sonen til paret. Han seier situasjonen er dramatisk for han.

– Det er ein stor belastning når mora er død og faren er tiltalt for å ha drepe henne. Eg håpar straffesaka kan gi gode og objektive svar på kva som har faktisk har skjedd, slik at sonen kan få ein viss form for forsoning, seier Drægebø.

Han meiner det er ein korrekt tiltale frå Statsadvokaten. På vegner av guten vil han i hovudforhandlinga krevja at faren ikkje skal ha arverett etter mora. Faren er også fråteken foreldreretten mellombels, etter krav frå bistandsadvokaten.

Statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen gir ikkje fleire kommentarar i saka.