Hopp til innhold

Straumlause på Osterøy

79 BKK-kundar på Osterøy er utan straum, etter at ein feil på straumnettet oppstod like før klokka 03 natt til onsdag. Det er Raknes og Hjellevikvegen som er råka. BKK arbeidar med feilretting, og opplyser at innkopling går føre seg no.