Hopp til innhold

Bil sklei av vegen på Osterøy

Ei 24 år gamal kvinne melde sjølv frå til politiet etter at ho køyrde av vegen ved Røskeland på Valestrandsfossen på Osterøy. Politiet opplyser at kvinna er uskadd og at bilen har moderate skader. Det er glatte vegar i området.