Hopp til innhold

Vil stoppe busslomme-kutt

Fleire bergenspolitikarar har no samla seg og vil stoppe fjerninga av busslommer i Bergensområdet, skriv BT. Som NRK tidlegare har fortalt vert fleire av busslommene i Bergen erstatta med kantstopp, for at bussane skal få komme først i trafikken. – Det er feil å bruke samfunnet sine midlar på eit tiltak som ikkje ser ut til å vere trafikkførebyggjande, snarare tvert imot, seier bystyrerepresentant Norvald Visnes (H) til avisa. Han får støtte frå Geir Steinar Dale (Ap). Statens vegvesen er ikkje einig i at endringane kan føre til farlegare trafikksituasjonar.

Forbikjøring ved kantstopp
Foto: Stine Mari Velsvik / NRK