Hopp til innhold

Skaut opp fyrverkeri ulovleg

Politiet har leita etter tenåringar på Torgalmenningen i Bergen, etter melding om at det vart skote opp fyrverkeri der. – Vi fann dei ikkje, men leitar ikkje vidare. Det har vore nokre meldingar på fyrverkeri som har vorte skote opp for tidleg, mellom anna på Kolltveit og i Marken. Men vi er ikkje akkurat nedringt av klager, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. I Bergen er fyrverkeribruk tillate mellom klokka 18 og 02 nyttårsaftan.