Hopp til innhold

Politibetjent fekk revet av hår

Ei 26 år gamal kvinne er arrestert, etter at ein kvinneleg politibetjent fekk rive av store mengder hår torsdag ettermiddag. Politiet fekk melding om eit svært utagerande par som var tatt for nasking på Lagunen, og då politiet jobba med å arrestere mannen, gjekk kvinna til angrep på politibetjenten, skriv BA. Politibetjenten vart send til legevakta for sjekk, der det vart konstatert strekkskadar i nakken.