Hopp til innhold

Brann i garasje

To menn i 30 åra er uskadde etter brann i ein garasje i Valen i Kvinnherad i natt. Garasjen heng saman med huset, og brannen spreidde seg til kjellaren og kledningen på huset. Brannen kan ha samanheng med at dei røykt fisk i garasjen, seier politiet.