Hopp til innhold

Slo til vektar på Zachariasbryggen

Politiet måtte natt til måndag be ei kvinne i 50-åra om å halde seg vekke frå Bergen sentrum, etter at ho slo til ein vektar på Zachariasbryggen. – Ho var svært rusa og kverulerande, men godtok pålegget om å halde seg vekke, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund. Litt seinare vart også ein mann vist vekk frå sentrum, etter å ha laga bråk ved ein annan utestad.