Hopp til innhold

Røykutvikling var vassdamp

Betjeninga ved Coop Prix-butikken på Apeltun i Bergen evakuerte butikken då dei trudde det seiv ut røyk frå kjølerommet. Politi og brannvesenet rykka ut. – Det viser seg at det er brot på eit varmtvassrøyr, så heile kjølerommet er fullt av damp. Men betjeninga gjorde akkurat som dei skulle. Me rykker heller ein gong for mykje enn for lite, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.