Hopp til innhold

Ankar dommen for asylbrann

35-åringen som er dømd for å sett fyr på hotellet Lune Huler i Lindås, ankar dommen. – Han er skuffa over å ikkje bli trudd, seier hans forsvarar Dagfinn Hessen Paust til NRK. Mannen er dømd til seks år og seks månader fengsel.