Hopp til innhold

Blei villeia av GPS

Politiet har beslaglagd førarkortet til mannen i 70-åra som køyrde ein bil inn i Nesttunhaugtunnelen og sperra for Bybanen laurdag føremiddag. – Mannen er ikkje frå Bergen, og er difor ikkje så godt kjend her. Han hadde på GPS, og vart villeia inn på feil veg. Det er ikkje mistanke om ruskøyring, men vi har oppretta sak, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue.