Hopp til innhold

Vil ha meir film frå Vestlandet

Venstre vil krevje at regjeringa opprettar ei insentivordning for film som sikrar at dei største produksjonane vel Noreg og Vestlandet som innspelingsstad. – Vi vil at alle filmprosjekt som tilfredsstiller regelverket, automatisk skal få støtte, seier initiativtakar Terje Brevik til BT. Fleire har kritisert dagens ordning for å vere for svak, og no vil Breivik ha ei 25 prosents refusjonsordning utan kronetak, søknadsfristar og uforutsigbare vedtak.