Hopp til innhold

Dobbelt så mange syklar under VM

Vegvesenet sine sykkelteljarar ved innfartsårene til Bergen viser at det ikkje berre er proffane som sykler under VM. Måndag vart det registrert 6383 passeringar av syklar i Sandviken, på Puddefjordsbroen og i Solheimsviken. Veka før var det 3110 passeringar. – Trafikantar og syklistar har tilpassa seg den nye trafikksituasjonen godt, det set vi pris på, seier Grethe Vikane, avdelingsdirektør for Vegavdeling Hordaland.

Sykkel-VM i Bergen - Prester på Slettebakken
Foto: Halvor Folgerø / NRK