Hopp til innhold

Tre personar innesperra i bil

Tre personar sitt innesperra i bilen som har køyrd av vegen ved Epland på fylkesveg 49. – Bilførar har sjølv meld frå om ulukka. To av personane i bilen er barn. Ingen skal vere skadd, men dei får ikkje opp dørene og er redde for at bilen skal trille vidare, seier operasjonsleiar i politiet, Lars Geitle. Brannvesen og ambulanse er no på staden.