Hopp til innhold

Barn til sjukehus etter påkøyrsel

Barnet som vart påkøyrd i Rosendal er sendt til Haugesund sjukehus for observasjon. Bilføraren som køyrde på barnevogna som barnet sat i, har fått beslaglagt førarkortet. – Barn og vogn har flydd eit lite stykke og hamna inn i ein naustvegg. Barnet skal tilsynelatande vere uskadd, seier Terje Magnussen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Politiet er på staden og gjer undersøkingar.

Laster Twitter-innhold