Hopp til innhold

Mann berga ned frå fjellet

Eit stort tal frivillige leitemannskap bidrog då ein mann som hadde gått seg vill, blei berga ned frå fjellet i Ullensvang i natt. Mannskap frå Norske Redningshunder, Røde Kors hjelpekorps og Norsk Folkehjelp fann mannen klokka 03.30 i natt. To timar seinare var han trygt nede ved Reiseter.