Framleis fire pågripne etter vald
Politiet har ikkje pågripe fleire enn dei fire personane dei arresterte i samband med knivstikkinga på Møhlenpris onsdags kveld. Den fornærma mannen i 20-åra blei skriven ut frå sjukehus ved midnatt og blei avhøyrt i natt, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.