Hopp til innhold

Nytt gatekunstverk på Flesland

Eit nytt gatekunstverk står ferdig på den nye terminalen på Flesland i Bergen. Prosjektet er eit samarbeid mellom Avinor og Gategalleriet, og er laga av Slava Nemes. I dag la kunstnaren siste hand på verket etter å ha malt i ca. 10 dagar. – Verket er sjølvsagt farga i ein oransje solnedgangs-farge sidan det er så mykje sol her i Bergen.

Slava Nemes og verket hans på Flesland
Foto: Stian Røkenes / NRK